Absalon sitt Bergen
Ei vandring med dagboka til Absalon Pederssøn Beyer
Absalon Pederssøn Beyer (1528–1575) kom frå Aurland, vart teken inn av biskop Geble i Bergen, studerte i København og Wittenberg og vart lektor ved katedralskulen og seinare slottsprest på Bergenhus. Han skreiv dagbok frå 1552 til 1572, og ho er den viktigaste kjelda vi har til korleis det var å leve i Bergen på 1500-talet. Kona hans, Anne Pedersdotter, vart brend som heks i 1590.
I dag følgjer de han gjennom Bergen, for det meste i 1565, året pesta kom. De kan ta postane i den rekkjefølgja som passar. Sida viser vegen til næraste post de ikkje har vore på, og når de er framme, dukkar teksten opp av seg sjølv.
Les meir: om dagboka hos Bergen Byarkiv og heile dagboka hos Bokselskap.
Telefonen spør om lov til å bruke posisjonen. Posisjonen blir verande på telefonen og blir ikkje sendt nokon stad.